HEI…!
Prøve og finne motivasjon til å skrive blogg… ender istedenfor å plage alle med sleten musikk… mohahaha x)
I alle fall! Dag 2 i Brussels meir lugubre strøk starta med ein fin frokost på hotellet, både croissant og eggerøre. Og nykokte egg! Trudde me… heilt til Sigrun lykkelig opna egget sitt og fant ut att det var rått. Her skal ein tydeligvis koke egget sitt sjølv, i vatn med romtemperatur, mhm J
Denne dagen skulle me tilbringe på Tegneseriemuseumet i Brussel, populært kalla Brussels Comic Strip Center.
Her var det masse forskjellige tegneserier ifrå både forskjellige epokar og forskjellige teiknarar. Besøket hadde sikkert vert super awesome, viss me berre hadde forstått kva som stod, både i seriane og på plakatane som fortalte om seriane.
Ja ja… fine bilder då J
Eg enda til slutt opp med å fotografere kim i forskjellige pappfigurar, sånne som du stikke hovudet igjennom.


Etter me hadde glodd og traska oss ferdig på museumet, gjekk tankane i retning shopping.
Desse tankane flydde rundt i hovudet i ca ein time på eit stort kjøpesenter, før magen til slutt tok over, og sulten gjorde seg gjeldande.
Dermed enda rompene våre opp på Brussels Grill, der det for det meste gjekk i hamburger, med unntak av ein steik og ein DIGER ½ kylling.
Mette og glade, returnerte me til shoppingen. Denne gangen for å finne sko, men var litt for dyre for min smak… fine var dei heller ikkje, hehe x)
Trur gutane kjeda seg litt, i og med att dei istedenfor å sjå på sko i lag me oss, laga eit veddemål som omhandla kortstokk og bitch slapping…(well who can blame them? Sko er jo egentlig ikkje den kulaste underholdningen du kan få for pengar)
Sjå video blogg for nærmare forklaring.
Heimreise stod for tur. Og det må eg sei, metro systemet syns eg egentlig e litt ok. Viss du då ser bort ifrå, lukta, narkisane, tiggarane, søppelet, sjiten og heisen med spy/bæsje lukt J
Men ein hyggelig overraskelse! Inne i metrovogna vår stod det to menn og sang og spilte. Kathe tok heilt av og dansa og sang med. Det gjekk så langt att den eine mannen begynte å kurtisere ho på både italiensk, fransk, engelsk og nederlandsk. Impressive?
Tilbake på hotellet, vart eg til slutt sittande på rommet til Kim og Espen å berre loka egentlig.
Elisabet og ein boks Burn fungera egentlig ikkje. Eg vil i alle fall sei att me har eit hektisk forhold, der Burnen etterlater meg utslitt og trøtt. Eg sovna godt den kvelden vil eg sei, etter turning i senga, putekrig, star wars på tv og kilekrig. Da siste var ikkje så gøy… (i og med at eg havna på gulvet og gispa etter luft)
Dermed enda dag 2, så takk for meg og på gjensyn!
Jemenis til alle dekan heima, klem Sid.
PS: noko som egentlig ikkje vart nemt i dag 1 bloggen, var att me såg på ein vegg der det har vert verdensmesterskap i grafittikunst i 2007. Her var det noko skikkelig imponerande kunst!
Legger ved bilder, så dekan sitta og sikla på bildene sjølve. Gud veit eg allerede har gjort da J




AWESOME!
- Elisabet